Bysmart: Jo Røislien

Bysmart: Jo Røislien

26 september 2017 19:00

(Lagre i kalender)

Ålesund bibliotek, hovedbiblioteket

jo roislienRøislien viser korleis matematikk dukkar opp på dei mest overraskande stader, også i livet ditt. Med utgangspunkt i ein rettvinkla trekant tar han oss med på ei reise gjennom popmusikk, olje-utvinning, bilsport, rus, film og drivhuseffekten.

Jo Røislien er matematikar, forfattar og professor i biostatistikk. Han er mellom anna kjent frå tv-serien Siffer på NRK1, og kjent for å vere ein framifrå formidlar.

Bysmart er ein serie med føredrag på biblioteka i Kristiansund, Molde og Ålesund. Arrangementa er gratis.

Målet for Bysmart er å skape byliv og styrke biblioteka som arena for samfunns- og kulturdebatt og er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, fylkesbiblioteket og biblioteka. Bysmart er eit tiltak i prosjektet Byen som regional motor og har fått solid støtte frå både Nasjonalbiblioteket og fylkeskommunen.



Pris: Gratis
Foredrag    |    Ålesund bibliotek, hovedbiblioteket


 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: