The Lobster

.

lobsterPremisset for historia som blir fortalt i denne filmen er ganske absurd: i ei dystopisk framtid er alle menneske nøydde til å finne seg ein partner ein har likheitstrekk med innan 45 dager, elles blir ein forvandla til eit valgfritt dyr for resten av levetida.

Den greske regissøren Yorgos Lanthimo sin film liknar ikkje på noko anna, kanskje bortsett frå dei filmane han tidligare har laga sjølv.

Handlinga i "The Lobster" er lagt til ei nær framtid, der single menneske blir sende til hotelliknande institusjonar der dei har 45 dagar på seg til å forelske seg og finne ein ny partner. Lukkast dei ikkje, blir dei omskapt til eit sjølvvald dyr. David (Colin Farrell) som er nyskild og deprimert, kjem til hotellet med ein hund (det viser seg å vera broren Bob, som altså ikkje klarte å finne ny partner), og vil sjølv bli til ein hummar om han skulle mislukkast i partnarjakta.

Følgande samtale utspelar seg mellom David og hotelldirektøren:
Hotel manager: Now have you thought of what animal you'd like to be if you end up alone?
David: Yes. A lobster.
Hotel manager: Why a lobster?
David: Because lobsters live for over one hundred years, are blue-blooded like aristocrats, and stay fertile all their lives. I also like the sea very much.

Hotelldirektøren (Olivia Colman) synest hummar er eit heilt utmerka valg.

Menneska i dette universet følgjer alle reglar ukritisk, uansett kor bisarre, undertrykkande og meiningslause dei måtte vere. I skogen utanfor hotellet bur dei single, som har måtta flykta frå byen der politiet er etter alle som ikkje er saman med nokon. Hotellgjestene jaktar på dei single i skogen med gevær lada med bedøvingspiler.

Har du sansen for mørk og surrealistisk humor, kjem du til å le av dette. Men når den bistre komikken i neste augneblink vert avløyst av nærgåande vald, får det latteren til å setja seg litt fast i halsen. Og det er kanskje meininga.
Det er eit absurd og underleg univers regissøren viser oss i "The Lobster", men eg synest han har skapt ein fascinerande film med rom for mange tolkingar.

Aldersgrense 15 år

Anne Marit Huse

Er filmen ledig ved Ålesund bibliotek?

Tags: Drama

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: