Mia og Mette på sommerturnering

.

Mia og Mette på sommerturneringBoka Mia og Mette på sommerturnering handlar om ei handballturnering der jentene måtte spele fleire kamper mot lag som Utby, FIH og ein hardtspelande spelar som heiter Vanja.

Vanja er rå og flink i handball og dessutan kontrollerande og vanskeleg å dekke opp. Ho dyttar og slår spelarar med olbogen og følgjer ikkje nokon av handballreglane. No må Mia og Mette spele mot henne!

Boka er ei spennande barnebok som er perfekt for barn som vil lære meir om handball. Handball er ikkje eit lett ballspel og er heller ikkje så lett å forstå seg på skriftleg, men denne boka fortel deg alt du treng å vite, speleposisjonar, fakta om handball og korleis bruke dei forskjellige handballfintene.

Mia og Mette er bestevenninner som spelar på same handballag, SIF. Det er laga mange bøker om Mia og Mette og lagkameratane deira og denne gongen var laget med på sommarturnering.

Mia og Mette på handballbanen, Mia og Mette på legevakta, Mia og Mette trener flyger er berre nokre av seriebøkene til Jørn Jensen.

Asma Ismail, Sykkylven bibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: